CoLab brukarrettleiing
Ofte stilte spørsmål
Kva er CoLab?
CoLab er laga for samarbeidslæring og kollektive refleksjonar.
Verktøyet er eit interaktivt presentasjonsverktøy. CoLab nyttar ei rekkje funksjonar for å leggje til rette for interaksjon og deltakarinvolvering. Ved å involvere deltakarane skapast det moglegheiter for å utvide omgrepsforståinga, tileigne seg ny kunnskap og byggje ny kunnskap ut frå forkunnskapen elevane allereie har.
Du kan lage eigne økter eller laste opp innhald du har frå før for å leggje til interaktivitet. Du kan også bruke CoLabs frå biblioteket vårt. Ein CoLab er satt saman av steg. Stega du kan velje mellom i CoLab inneheldt ulike interaktive funksjonar som gjer det mogeleg å stille spørsmål til deltakarane på engasjerende måtar.
Læringsøktane ein designer i CoLab gjer at dei lærande byggjer vidare på kvarandres forslag og innspel. Det inneber at de kontinuerlig vurderar eiga og andres arbeid som grunnlag for å produsere noko bedre saman. Med CoLab brukar du gruppa til å endre gruppa.
Korleis bruke CoLab?
I CoLab oppretter, redigerer og gjennomførar du læringsøktar med fleire deltakare.
Du kan komponere di eiga lab ved å kombinere ulike steg og fylle dei med tekst, bilete og spørsmål.
Når du gjennomførar ei økt blir det automatisk generert ein unik kode slik at deltakarane kan logge seg på med sine PC-ar, nettbrett eller telefonar for å svare på spørsmål og oppgåver.
Etter gjennomført økt kan du hente ut ein rapport med spørsmåla og svara frå deltakarane i ei eiga fil. Desse kan med eit tastetrykk også delast med dei av deltakarane som ynskjer det.
Korleis starte ei økt?
Korleis loggar deltakarane seg på økta?
Korleis laste opp ein PowerPoint i ein lab?
Korleis kan eg hente ut svar frå deltakarane?
Korleis fungerar dei ulike stega?
Innhaldssteget
Innhaldssteget har mange av dei same funksjonene som ein slide i Powerpoint. Her kan ein skrive inn tekstar og lime bilete og lenker for å gje innføring i eit tema.
Spørsmål og svar
I dette steget legg du inn eit spørsmål og svaralternativ du har funnet i forkant, så kan deltakarane velje anten eit eller fleire av desse.
Steget er eit nyttig verktøy for å utfordre deltakarane til å ta aktive val. Dei må ta stilling til kva dei meiner om ulike påstander eller spørsmål. Sidan deltakarane her blir nøydd til å velje mellom ulike svaralternativ, må dei resonnere seg fram til kva for alternativ dei er mest enig i.
Ordsky
Ordsky er ein visuell og kvantitativ framstilling av omgrep frå deltakaranes side.
Ordskyen kartlegg deltakaranes assosiasjonar med ulike omgrep. Ved å betrakte innspela som kjem frå andre deltakarar, kan ein utvide og utvikle ny omgrepsforståing.
Open oppgåve
Steget er designa for opne spørsmål som deltakarane besvarar med tekst.
Elevane utvikler djupare forståing om læraren stiller gode spørsmål. Spørsmåla bør settje eleven i stand til å oppdage nye omgrep og nyansere eksisterande omgrepsforståing.
Video
Du kan vise heile eller delar av ein film du har linka til, til dømes frå Youtube, eller laste opp ein videofil.
Videoar varierer undervisninga, trigger forkunnskapar og gjev kjennskap til nye tema. Det er eit sterkt audio-visuelt verkemiddel, som kan få deltakarane til å tenkje kritisk rundt temaet.
Biletesky
I dette steget kan deltakarane laste opp eit eller fleire bilete frå internett eller som de har tatt sjølv. Alle bileta visast på eiga skjerm og elevane kan like og kommentere kvarandres bilete.
Biletesky visualisere omgrep og konsept. Steget er nyttig for å få innsikt i forkunnskapen deltakarane har.
Rubrikk
RRubrikksteget har to til fire kolonnar kor deltakarane kan settje inn si tekst. Steget kan til dømes brukast til å samanstille argument for og mot påstandar.
Rubrikk er eit verktøy for å sortere og formulere argument. Ved å samanlikne forskjellege argument, kan deltakarane begrunne vala dei har gjort. Dei får også samanlikna eigne argument med andres argument.
Spørrjeundersøking
Lag ein spørrjeundersøkjing i sanntid for dine deltakare. Svara er anonyme.
Spørrjeundersøkjing kartlegg deltakaranes ynskjer, interesser eller behov.
Kartleggjinga opner for meir motiverande undervisning og aukt elevaktivitet. Spørrjeundersøkjingar kan også fungere som eigenvurdering for deltakarane.
Quiz
Du kan lage ein quiz med tekst og/eller bilete. Du kan bruke tidtakar på svartid eller la vere. Det er også mogeleg å lage lag som kjemper mot kvarandre.
Quiz-steget engasjerar deltakarane på ein morosam måte. Dei får mogelegheiten til å ta aktive val og løyse problem, anten på eiga hand eller saman med andre. Quiz får elevane til å reflektere over eiga kunnskap, og tenkje kritisk over alternativa dei må velje mellom.
Rangering
Du legg inn ord, setningar eller bilete i ei rekkjefølgje. Deltakarane skal finne den riktige rekkjefølgja.
Rangering utfordrar deltakaranes forståing av omgrep. Ved å rangere omgrepa forstår dei bedre betydninga av omgrepa og kva som skil dei frå kvarandre.
Match
Deltakarane skal matche to eller tre ord, setningar eller bilete som høyrer saman. Du legg inn ord, bilete eller setningar og deltakarane skal finne ut kva som høyrer saman.
Med match-steget kan deltakarane oppdage samanhengar mellom omgrep på ein morosam og engasjerande måte. Match er eit spelbasert steg kor deltakarane både kan samarbeide eller jobbe kvar for seg med å finne ut kva som høyrer saman, og på denne måten utvikle forståing for eksisterande omgrep og oppdage nye omgrep.
Samle inn StoryLab eller IdeaLab
I dette steget kan du samle inn ein IdeaLab eller ein StoryLab frå deltakarane. Dei kan laste opp ein Idea eller Story frå sitt bibliotek. Du bestemmer om dei skal kunne laste opp begge delar, eller berre ein Story- eller IdeaLab.
Dele ut StoryLab eller IdeaLab
I dette steget kan du dele ein IdeaLab eller ein StoryLab frå ditt bibliotek til deltakarane. Dei kan laste ned si eiga kopi som dei kan redigere og endre fritt. Du kan til dømes dele ut ei oppgåve du vil dei skal jobbe med.
Finn du ikkje svar på det du leitar etter?
Kontakt oss via epost eller skriv til oss på vår Facebook-side.