Vi har gleda av å annonsere at LearnLab har inngått eit partnarskap med Moroccan Center of Civic Educatation og stiftelsn IMTEC.

Målet med partnarskapet er å tilby innovativ læringsteknologi i Marokko med eit innhald som kan bidra til ei berekraftig utvikling. Samarbeidet består også av opplæring av marokkanske ressurspersonar i bruk av teknologi i læringsprosessar, der elevar, lærarar, skuleleiarar og distriktsleiar samarbeidar på engasjerande og utforskande måtar.

Moroccan Center for Civic Education
Moroccan Centre for Civic Education er ein uavhengig, ikkje-statleg organisasjon. Sidan organisasjonen blei grunnlagt i 2004, har dei jobba tett med statlege og ikkje-statlege organisasjonar i seksten av atten regionar i Marokko. MCCEs formål er å trene og utdanne yngre generasjonar til å bli ansvarlege, effektive og aktive borgarar som etterlever demokratiske prinsipp.
The IMTEC foundation
Stiftelsen IMTEC er ein uavhengig norsk stiftelse som jobbar nasjonalt og internasjonalt med skule-, leiing og organisasjonsutvikling. Eit av IMTECs mål er å bidra til internasjonal skuleutvikling gjennom etablering og deltaking i nettverk mellom organisasjonar, prosjektar og individ. Les meir om IMTEC her..