DIGITAL LÆREMIDDELPAKKE FOR 5.-7. TRINN
- HJELP ELEVANE TIL Å OPPDAGE SAMANHENGAR
- KOLLEKTIV, DIGITAL LÆRING I PRAKSIS

Læremiddelpakka inneheldt varierte læringsressursar for 5.- 7. trinn knytta til dei tre tverrfaglege temaa. Du finn ressursar til alle kompetansemål i faga norsk, samfunnsfag og naturfag, med ei rekkje koplingar til andre fag. Dette er fleksible og interaktive opplegg for djuptgåande læring. Elevane deltek kollektivt og samarbeidar, ved å arbeide med dei sentrale omgrepa i læreplanen. Dømer på omgrep er berekraft, relasjonar, samfunn, demokrati, retorikk, kropp, språk og forbruk. Det følgjer med forslag til periodisering av undervisninga. Du finn ressursane på bokmål og nynorsk.
LEARNLABS DIGITALE LÆREMIDDELPAKKE
Samfunnsfag, naturfag og norsk 5. - 7. trinn
- LearnLabs digitale verktøy: IdeaLab, StoryLab, CoLab og MyLab
- Fleire hundre redigerbare læringsressursar med lærarrettleiing og praktiske oppgåver
- Arbeid med omgrep, tverrfaglege tema, kjerneelement og kompetansemål
- Elevane kan lage sine eigne bøker, filmar, presentasjonar, tankekart og tidslinjer (StoryLab og IdeaLab)
- Formativ vurdering knytta til kompetansemåla i LK20 (MyLab)
- Webinar med brukaropplæring for lærarar
- Feide-pålogging for lærar og elevar
Læremiddelpakkene kan bestillast av enkeltskuler eller kommunar. Dei kan kjøpast kvar for seg eller samla. Pris er avhengig av storleiken på kommunen/skulen. Ta kontakt for pristilbod.

I 2021 LANSERAST:
- Verktøy for formativ vurdering i MyLab. Alt eleven arbeider med, både individuelt og kollektivt, blir automatisk samla i elevens vurderingsmappe, strukturert etter kompetansemål og sentrale omgrep. På denne måten dokumenterast arbeidet med læreplanen, med eit minimum av tid brukt på administrasjon og rapportering.
- IdeaLab: Verktøy for tankekart, tidslinjer og sortering av omgrep. Denne modulen inneheldt også ein omgrepsbank med dei viktigaste omgrepa som kan knyttast til verdiar, ferdigheiter og mål i LK20.
- Ny søkjeside med nye søkjealgoritmar. Det blir enklare for deg å finne fram til dei læringsressursane du ynskjer. Du kan enklare søkje på fag, kjerneelement, trinn osv.
- Fleire læringsressursar og nye mogelegheiter for å dele ressursar. Det leggjast fortløpande ut fleire læringsressursar tilpassa di elevgruppe. Det vil bli mogeleg å dele ressursar med andre og mellom modulane. Eleven kan til dømes starte med å lage eit tankekart (IdeaLab), videreutvikle innhaldet i ein multimodal tekst (StoryLab), og til slutt dele arbeidet sitt i ein kollektiv interaksjon med heile klassa (CoLab).
Arbeid med sentrale omgrep tilpassa LK20
Undervisningsopplegga er konstruert slik at elevane gradvis oppdagar dei sentrale omgrepa og ideane gjennom å arbeide med dei viktige spørsmåla i faga.
Dersom læraren ynskjer å arbeide med omgrep, kompetansemål og/eller tverrfaglege tema med elevane, finst det ei rekkje med læringsressurser å velje mellom. Dei er svært fleksible og presenterast som labs, der lærarne sjølv kan justere, endre og tilføye dersom det er ynskjeleg. Oppgåvene er i all hovudsak opne og problemløysande. Læremiddelet anbefalar ei rekkjefølgje med stigande progresjon og vanskegrad, men lærarne står fritt til å velje ut frå behov. Alle ressursar i læremiddelet er enkelt tilgjengeleg via søk-sida for dei som har kjøpt lisens.
Alle læringsressurser er kopla mot kompetansemåla i LK20. Dei tre tverrfaglege temaa: “demokrati og medborgarskap”, “folkehelse og livsmeistring” og “berekraftig utvikling”, går som ein raud tråd gjennom ressursane.
Aktive elevar som samhandlar digitalt
Teknologien i LearnLabs læringsressursar legg stor vekt på kollektiv og aktiv læring. Det faglege innhaldet presenterast som interaktive oppgåver på måtar som auker engasjementet. Elevane koplar seg på økta med sin smarttelefon, nettbrett eller laptop og får fleire mogelegheiter til å gje uttrykk for sine reaksjonar, spørsmål og refleksjonar undervegs i møte med ein idé. Læraren kan byggje vidare på elevanes eigne innspel og forslag, og dra læringa vidare i ynskja retning saman med elevane. Gjennom å stimulere til undring og utforsking engasjerast elevane til å vere produsentar av ny kunnskap, i staden for konsumentar.
Vårt hovuedmål er å utvikle digitale læremiddel som styrkar den kollektive dimensjonen. Dette er ikkje læremiddelet for deg om du ynskjer undervisningsopplegg der elevane sitt kvar for seg og løyser oppgåver med predefinert rette og gale svar. Her kan elevane forstå kva eit samfunn er, kvifor menneske søkjer saman, korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre, og korleis vi skal ta vare på den kloden vi bur på. Vi tenkjer at elevar lærer dette best gjennom å modellere slik samhandling, og her gjev teknologien oss mogelegheiter som ikke fanst før. Teknologien som nyttast gjev læraren mogelegheit til å la elevane som gruppe arbeide saman for finne fram til felles løysningar. Dei skal sjølv oppleve at dei løyser framtidens utfordringar saman. I tillegg til digitale, kollektive oppgåver, finst det ei rekkje forslag til oppgåver og praktiske aktivitetar som ikkje krevjer at elevane er logga på ein digital eining.
Læremiddelet vektlegg elevanes eigenaktivitet. Elevanes eigne forslag inkluderast, der elevane kan vurdere for og imot, finne fram til konsekvensar sjølv og vise desse fram for kvarandre. Elevane møtar varierte faglege uttrykksformar, både gjennom skrevne ord og omgrep, men også gjennom bilete, figurar og filmar.
Pålogging med Feide og vurderingsinformasjon
Når du kjøpar læremiddelet, får du også tilgang til Feide-pålogging for elevar og lærare. Det betyr at alt elevane produserar, er trygt lagra bak Feide-muren. Læremiddelet følgjer standardar for GDPR.
Læremiddelet er bygga opp slik at du kan samle vurderingsinformasjon, både på gruppe- og individnivå.
Alt eleven arbeider med, både individuelt og kollektivt, blir automatisk samla i elevens vurderingsmappe, strukturert etter kompetansemål og sentrale omgrep. På denne måten dokumenterast arbeidet med læreplanen, med eit minimum av tid brukt på administrasjon og rapportering.