Naturfag
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:
Jorda og livet på jorda
I dette temaet får elevane ei grunnleggande forståing for korleis jorda er danna, og korleis livet på jorda har utvikla seg. På den måten gis elevane et grunnlag for å kunne ta berekraftige val.Gjennom desse læringsressursane prøver me å skape kunnskap og motivere elevane til å sjå dagens biologiske liv som ein fortsetting av det livet som er levd før oss på jorda. Elevane øver på å sjå samanhengen mellom naturleg utval, mutasjon, DNA, tilpassingsevne og domestisering, samstundes gjere elevane merksame på at det finst ein samanheng mellom biologisk mangfald og evolusjonsteorien.
Målet med denne serien er at elevane skal kunne oppdage og forstå samanhengen mellom økosystema i regnskogane og kva konsekvensar det kan få for oss menneske om avskoginga av regnskogane ikkje vert redusert. Ved å veksle mellom video, informasjon og refleksjonsspørsmål, der elevane kan samarbeide med andre, vert elevane aktivisert til å utvikle eiga forståing.
I denne perioden arbeider me med å få elevane til å kunne sjå samanhengen mellom den aukande drivhuseffekten (global oppvarming) og korleis det kan påverke livet på planeten. Dette er framleis ei av vår tids store globale utfordringar. Gjennom diskusjon og undring vert det lagt opp til å auke forståinga og nysgjerrigheita rundt dette temaet. Opne spørsmål og elevane sitt eige erfaringsgrunnlag står sterkt, men det vert også gjeve ein gradvis informasjon undervegs i opplegget, slik at samanhengen mellom ulike element kjem tydeleg fram. I perioden vert det nytta læringsressursar frå skolerom.no.
Energi og materie
I dette temaet lærer elevane om teoriar, lover og modeller for energi, stoff og partiklar som kan forklare vår fysiske verd.Kropp og helse
I dette temaet lærer elevane om korleis kroppen sine system verkar saman. Dei blir motivert til å ta vare på si eiga helse.Dette er eit diskusjonsopplegg som leggjer opp til kritisk refleksjon retta mot den aukande medisinbruken blant dagens unge. Kvifor er denne trenden aukande og kva type problemar er medisinar meint for å hjelpe deg med å lause? Kor går grensa for misbruk? Den rettar også eit kritisk blikk mot legemiddelindustrien som tjenar enorme summar på medisinar som for mange blir avhengnadskapende.
I denne perioden får elevar og lærar reflektert rundt seksualitet og reproduktiv helse. Dei ulike labane fokuserer på seksuelle rettar og plikter, samtykke versus overgrep, prevensjon og abort. I tillegg finn du oppgåver som aktiverer elevane. Dei to første labane er utarbeida av Pål Berglund, medan dei andre labane er utarbeida på Borgheim ungdomsskole.
I denne serien lærer ein meir om kva ein Pandemi er, og kvifor det pågåande Corona-viruset bla. er ein Pandemi. Gjennom oppgåver og refleksjon får elevane høve til å reflektere over korleis dei sjølv kan bidra, kva for grupper som er særleg utsett og kva ein kan “lære” av det som no stenger ned det norske samfunnet. Labane kan gjennomførast som sjølvstendige labs, eller brukast i ein samanheng.
Naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar
I dette temaet blir det lagt til rette for praktisk og utforskande arbeid gjennom forskjellige labs som på ulike måtar hjelper elevane å oppdage verda omkring seg sett i naturvitskaplege perspektiv.Denne serien tek for seg verdsrommet og ulik forsking som har blitt gjort her. Den eine laben handlar om planetane i solsystemet og kan brukast som eit utgangspunkt til vidare arbeid i klassa. Dei to andre labane er om forskaren Stephen Hawking og forskinga hans på mellom anna “Kva er eit svart hol” ? Labane kan brukast samla i eit tema, eller enkeltvis.
Teknologi
I dette temaet trenar elevane på å forstå, skape og bruke teknologi. Det blir vektlagt å stimulere elevane til å tenke kreativt og nyskapande.I denne serien finn du programmeringsoppgåver som skal løysast på nettsida Scratch med blokkprogrammering. Oppgåvene er knytt til tema frå andre seriar, men kan tilpassast andre tema eller kontekstar etter behov. Kvar del er sett saman av ei lærarrettleiing, ein oppstartslab for å skape felles forståing, oppgåve som elevane skal løyse og ei oppsummering eller vurdering i plenum.