Tverrfaglege tema

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Berekraftig utvikling

Gjennom arbeid med berekraftig utvikling skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte har betydning. Temaet rommar problemstillingar knytt til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling. Her finner du ressursar som kan brukast i arbeidet med berekraftig utvikling.

Ressursane har som mål å utvikle elevane si forståing for at dyr er ulike og at dei kan klassifiserast. Då er det viktig å kjenne til omgrepa art, virveldyr, virvellause dyr, samt livssyklusar. Dette er igjen viktig for å kunne utvikle ei djupare forståing for kva biologisk mangfald inneber på seinare alderstrinn, og kva menneske må gjere for ta vare på mangfaldet.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom refleksjon og samtale jobbar elevane seg fram til forståing for det å vere på flukt. Serien består av fem labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien finn du programmeringsoppgåver som ein løyser på nettsida Scratch med blokkprogrammering. Oppgåvene er knytt til tema frå andre seriar, men kan tilpassast andre tema eller kontekstar etter behov. Kvar del er sett saman av ei lærarrettleiing, ein oppstartslab for å skape felles forståing, oppgåve som elevane skal løyse og ei oppsummering eller vurdering i plenum.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Om korleis teknologi og geografi påverkar levekår og demografi. Serien inneheld både reiser rundt om i verda og reiser i den teknologiske historia. Serien ser også mot framtida.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Demokrati og medborgarskap

Gjennom arbeid med temaet demokrati og medborgarskap skal elevane forstå samanhengen mellom individet sine rettar og plikter. Individa har rett til å delta i politisk arbeid, samtidig som samfunnet er avhengig av at borgarane bruker rettane til politisk deltaking og utforming av det sivile samfunnet. Skulen skal stimulere elevane til å bli aktive medborgarar, og gi dei kompetanse til å delta i vidareutviklinga av demokratiet i Norge. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med demokrati og medborgarskap.

Opplegget tek sikte på innlæring av omgrepet: “Samfunn”. Opplegga kan gjennomførast på fleire måtar, men forfattar anbefaler små grupper på 2-3 elevar per eining. Samtale, diskusjon og refleksjon i fellesskap fremjar læring og interesse. God klasseleiing er ei sjølvfølge. Serien består av fleire labs som kan brukast saman, eller kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Elevane møter enkel informasjon som kan hjelpe dei til betre å forstå korleis demokratiet i Noreg vert påverka av eit stortingsval.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tek for seg ulike delar av den digitale verda vi lever i. Nettvit, digitale spor, kjeldekritikk og personvern er tema i denne serien. Den inneheld m.a. filmar og ein del tema til diskusjon i klassane. Serien kjem også inn på ein del personlege tema. Lykke til!

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du ressursar om det samiske urfolket, fagstoff om minoritetar i Noreg, urfolket og minoritetane sine rettar og forfølging av minoritetar. I lærarrettleiinga får du tips til gjennomføring av labane, samt ei oversikt over kor du kan finne meir informasjon om samane som urfolk og dei norske minoritetane.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Sjølv om ressursane inneheld tverrfaglege emne som hovudrekning, song og historie, har dei som hovudmål å la elevane reflektere rundt lover, reglar og konfliktar. Ressursane forsøker å legge til rett for aktive elevar på varierande måtar ved å nytte diskusjon, video, matching, spørjeundersøking og biletsky. Nytt gjerne ressursane i samanheng med 8.mai og 17. mai eller anna arbeid som handlar om lover og reglar eller konfliktar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne tverrfaglege laben tar opp mange av verdiane vi kan lese om i læreplanens overordna del og har med seg dei fleste kompetansemål (1.-7.trinn) som handlar om samane.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Folkehelse og livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skulen skal gi elevane kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse, og som gir mogelegheiter til å ta ansvarlege livsval. I barne- og ungdomsåra er utvikling av et positivt sjølvbilete og ein trygg identitet særleg avgjerande. Aktuelle område innanfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdival og betydinga av mening i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med folkehelse og livsmeistring.

Her finn du labar og oppgåver som kan nyttast til skulestart og i skuleåret. I den første laben får elevane fortelje frå sin sommar og dele ønsker for kommande skuleår. Denne laben fungerer fint som ein engasjerande og morosam “icebreaker” i starten av eit nytt skuleår. I oppgåvelaben kan elevane skrive dikt, forteljingar, og teikne. Den siste laben fokuserer på klassereglar. I starten av eit skuleår er det fint å ha felles fokus på korleis vi ønsker å ha det i klassa for å lage eit godt læringsmiljø. Laben har fokus på elevstyrte oppgåver og avgjerder som vil gi elevane eit større eigarforhold til dei felles reglane i klassa. Ressursane er i hovudsak berekna på barneskulen, men kan fint brukast for eldre elevar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kva er vennskap? Labane inneheld dilemma og spørsmål som aukar gradvis i vanskegrad. Elevane blir utfordra på eigen språkbruk og eigne og andre sine handlingar som kan oppfattast som mobbing. Inkludering er eit sentralt omgrep, og i siste lab blir dette sett i lys av moralske handlingar. Serien består av fire labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tek for seg ulike delar av den digitale verda vi lever i. Nettvit, digitale spor, kjeldekritikk og personvern er tema i denne serien. Den inneheld m.a. filmar og ein del tema til diskusjon i klassane. Serien kjem også inn på ein del personlege tema. Lykke til!

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien får elevane lære om kvifor vi har fri dei raude heilagdagane i kalenderen. Kvifor har vi fri, og kva for kristen høgtid er denne raude dagen knytt til? Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalendaren, vil denne serien gi ein variert inngang for å gi ei oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. CoLabene er relativt korte og kan vere fine å bruke som avslutning eller oppstart i forbindelse med dei offentlige heilagdagane. StoryLaben eignar seg godt som utvida arbeid i forbindelse med denne serien. Her får elevane velje seg eit land og finne ut kva for offentlege fridagar dei har der.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne perioden får elevar og lærar reflektert rundt seksualitet og reproduktiv helse. Dei ulike labane fokuserer på seksuelle rettar og plikter, samtykke versus overgrep, prevensjon og abort. I tillegg finn du oppgåver som aktiverer elevane. Dei to første labane er utarbeida av Pål Berglund, medan dei andre labane er utarbeida på Borgheim ungdomsskole.

Sjå denne ressursen i biblioteket