Norsk
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:
Utforske og formidle tekst
Her blir elevane kjent med eit utval skjønnlitteratur og sakprosa. Dei brukar ulike lesestrategiar og får sjølv leike med språket og prøve ut forskjellige verkemiddel og framstillingsmåtar i munnlege og skriftlege tekstar. Gjennom dei ulike sjangrane får elevane reflektert og argumentert rundt mange ulike tema.Lesing er i hovudsak ei evne som krev mange timar med øving. For at ein elev skal kunne utvikle ei tilfredsstillande leseevne må det derfor øvast utover den lesinga som føregår på skulen. Gjennom dette diskusjons -og refleksjonsopplegget stimulerast eleven til å reflektere over eiga leseglede i samarbeid med sine medelevar. Opplegget inneheld konkrete tips til både lærar og elev, samt fordjupingsoppgåver.
Her finn du ulike labar som gjev elevane mogelegheit til å reflektere kritisk over kva for påverknadskraft og truverdighet tekstar har. Gjennom ei utforskande og kritisk tilnærming til språk og tekst kan elevane bli betre rusta til å navigere i ulike kjelder og informasjon. Elevane får vurdere kor pålitelige kjeldene er gjennom refleksjon, samarbeid, samanlikning i ulike oppgåver.
Språkleg mangfald
I dette temaet skal elevane samanlikne talespråk i nærmiljøet med andre talespråkvariantar i Noreg og med nabospråk. Gjennom dette arbeidet skal elevane utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet og dei får innblikk i tekstar frå det samiske språket.Læringsressursane i denne serien tek utgangspunkt i dei samiske språka som utgangspunkt for refleksjon rundt identitet og mangfald. Elevane får reflektere over sine eigne haldningar til språk og talemålsvariantar, og rundt sin eigen identitet på ulike måtar. Elevane får reflektere og argumentere skriftleg og munnleg. I lab 2 får elevane reflektere over konsekvensar av fornorskingspolitikk, samtidig som dette er ein del av eit større bilete av kva språket tyder for identiteten. I lab 3 tolkar elevane tre tekstar av ein samisk forfattar, Risten Sokki. Elevane reflekterer rundt dei samiske verdiane som kjem til uttrykk i tekstane og tekstane sitt formål, innhald og virkemiddel. Forslag til oppgåver fins i ein eigen ressurs.
Grammatikk
Desse seriane bygger vidare på innhaldet i seriane om grammatikk som ligg under 3. og 4.trinn. Bruk gjerne dei seriane som repetisjon for å sikre god progresjon. Her finn du spennande opplegg som kan brukast til ein systematisk gjennomgang av dei forskjellige ordklassane.Kjem snart