Tverrfaglege tema

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Berekraftig utvikling

Gjennom arbeid med berekraftig utvikling skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte har betydning. Temaet rommar problemstillingar knytt til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.

Her finner du ressursar som kan brukast i arbeidet med berekraftig utvikling.

Denne serien inneheld labar som er lagt opp etter modellen “læringsløpet”. Kvar lab forsøker å synleggjere overordna del av læreplanen i klasserommet og omhandlar eit av dei tverrfaglege temaa. Labane legg opp til ei felles samarbeidsøkt for å avklare temaet før elevane jobbar med ei oppgåve. Deretter legg læraren opp til fagleg påfyll etter gruppa sitt behov og elevane jobbar vidare med oppgåva.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Ressursane har som mål å utvikle elevane si forståing for at dyr er ulike og at dei kan klassifiserast. Då er det viktig å kjenne til omgrepa art, virveldyr, virvellause dyr, samt livssyklusar. Dette er igjen viktig for å kunne utvikle ei djupare forståing for kva biologisk mangfald inneber på seinare alderstrinn, og kva menneske må gjere for ta vare på mangfaldet.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom desse ressursane kan elevane lære om kva som er god dyrevelferd. Dei reflekterer over kva vi kan gjere for at dyra sine behov kan bli tatt vare på. Her vert informasjon om husdyr, kjæledyr og ville dyr inkludert og elevane skal finne ut kva for ulike behov desse har. Lova om dyrevelferd vert også presentert og her skal elevane reflektere over kvifor det er viktig med lover som beskyttar dyr.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I serien Er søppel berre boss? ønsker vi at elevane skal bli bevisst på vala sine og bli meir ansvarlege rundt sitt eige og familien sitt forbruk. For at elevane skal kunne forstå miljømessige utviklingstrekk i samfunnet treng dei kunnskap. Gjennom å vise kva overforbruk og storproduksjon gjer med miljøet, og la elevane sjølv aktivt kome med sine tankar, innspel og eksempel frå sin kvardag, meiner vi dei vil bli betre rusta til å kunne ta stilling til kva dei sjølv må gjere og korleis dei kan påverke andre med sin kunnskap. Serien kan fint brukast på eldre barn.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Undervisningsopplegg for 3.-4.trinn, der elevane i samarbeid utforskar naturressursar på jordkloden vår. Serien består av ulike labs som blant anna tek for seg tre som ressurs og korleis/kvifor me utnytter avføring til gjødsel. Labane kan brukast aleine eller samla – også saman med serien «VANNvittig viktig».

Sjå denne ressursen i biblioteket

Undervisningsopplegg for 3.-4.trinn, der elevane i samarbeid utforskar vatn som ressurs på jordkloden vår. Serien består av tre labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom refleksjon og samtale jobbar elevane seg fram til forståing for det å vere på flukt. Serien består av fem labs som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Demokrati og medborgarskap

Gjennom arbeid med temaet demokrati og medborgarskap skal elevane forstå samanhengen mellom individet sine rettar og plikter. Individa har rett til å delta i politisk arbeid, samtidig som samfunnet er avhengig av at borgarane bruker rettane til politisk deltaking og utforming av det sivile samfunnet. Skulen skal stimulere elevane til å bli aktive medborgarar, og gi dei kompetanse til å delta i vidareutviklinga av demokratiet i Norge. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med demokrati og medborgarskap.

Denne serien inneheld labar som er lagt opp etter modellen “læringsløpet”. Kvar lab forsøker å synleggjere overordna del av læreplanen i klasserommet og omhandlar eit av dei tverrfaglege temaa. Labane legg opp til ei felles samarbeidsøkt for å avklare temaet før elevane jobbar med ei oppgåve. Deretter legg læraren opp til fagleg påfyll etter gruppa sitt behov og elevane jobbar vidare med oppgåva.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom desse ressursane blir elevane introdusert for barnekonvensjonen og barn sine rettar med ei undrande tilnærming. Tilnærminga til emnet er nær elevane sitt eige liv og kan gi ei djupare forståing av viktige element, som verdien i å vere unik og eigne prioriteringar av kva som er viktig i sitt eige liv.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tar utgangspunkt i det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap. Etter 2.trinn skal elevane reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tar ulike val. I denne serien finn du ei rekke spennande opplegg om dette.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du ressursar om det samiske urfolk, minoritetar og fellesskap. Her får du som lærar rettleiing til gjennomføring av labane og tips til kor du kan finne meir informasjon om samane som urfolk og undervisningstips til tema kjønn og seksualitet.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kva vil det seie å velje? Kva betyr det å ha eit val? Er det alltid lett å velje? Kven skal bestemme? Det vert fokusert på å ta seg tid til å tenke og at det ein likar ikkje nødvendigvis er eit godt val. Serien består av fire labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne perioden omhandlar nettvit. Inspirasjon er henta frå det gode opplegget til Røde Kors. Serien har nokre faste gjennomgangsfigurar som vi følgjer, Martin og Selma. Desse figurane finn ein også i andre labar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Ressursane fokuserer på kvifor vi feirar 8.mai og 17.mai. Undervegs møter elevane refleksjonsspørsmål, bilete og videoar for å gjere forteljinga levande. Sjølv om ressursane inneheld historisk informasjon, er det refleksjonane rundt demokratiet i Noreg som er det sentrale. Nytt gjerne ressursane i samanheng med 8. mai og 17.mai, eller knytt dei til anna arbeid som handlar om demokrati og fridom.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne tverrfaglege laben tar opp mange av verdiane vi kan lese om i læreplanens overordna del og har med seg dei fleste kompetansemål (1.-7.trinn) som handlar om samane.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Folkehelse og livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skulen skal gi elevane kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse, og som gir mogelegheiter til å ta ansvarlege livsval. I barne- og ungdomsåra er utvikling av et positivt sjølvbilete og ein trygg identitet særleg avgjerande. Aktuelle område innanfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdival og betydinga av mening i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med folkehelse og livsmeistring.

Denne serien inneheld labar som er lagt opp etter modellen “læringsløpet”. Kvar lab forsøker å synleggjere overordna del av læreplanen i klasserommet og omhandlar eit av dei tverrfaglege temaa. Labane legg opp til ei felles samarbeidsøkt for å avklare temaet før elevane jobbar med ei oppgåve. Deretter legg læraren opp til fagleg påfyll etter gruppa sitt behov og elevane jobbar vidare med oppgåva.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du labar og oppgåver som kan nyttast til skulestart og i skuleåret. I den første laben får elevane fortelje frå sin sommar og dele ønsker for kommande skuleår. Denne laben fungerer fint som ein engasjerande og morosam “icebreaker” i starten av eit nytt skuleår. I oppgåvelaben kan elevane skrive dikt, forteljingar, og teikne. Den siste laben fokuserer på klassereglar. I starten av eit skuleår er det fint å ha felles fokus på korleis vi ønsker å ha det i klassa for å lage eit godt læringsmiljø. Laben har fokus på elevstyrte oppgåver og avgjerder som vil gi elevane eit større eigarforhold til dei felles reglane i klassa. Ressursane er i hovudsak berekna på barneskulen, men kan fint brukast for eldre elevar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kva er vennskap? Labane inneheld dilemma og spørsmål som aukar gradvis i vanskegrad. Elevane blir utfordra på eigen språkbruk og eigne og andre sine handlingar som kan oppfattast som mobbing. Inkludering er et eit sentralt omgrep, og i siste lab blir dette sett i lys av moralske handlingar. Serien består av fire labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien tek vi utgangspunkt i ny overordna del av læreplanverket. I den samanheng har det blitt laga ein Lab-serie som tek for seg aspekt ved vaksenlivet, som “den ansvarlege vaksen”, “yrke” og “pengar veks på tre”. Gjennom desse tre labene vil elevane kunne utfordre seg på spørsmål knytta til livet etter studiar, med ansvar, jobb og forbruk.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien får elevane lære om kvifor vi har fri dei raude heilagdagane i kalenderen. Kvifor har vi fri, og kva for kristen høgtid er denne raude dagen knytt til? Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalendaren, vil denne serien gi ein variert inngang for å gi ei oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. CoLabene er relativt korte og kan vere fine å bruke som avslutning eller oppstart i forbindelse med dei offentlige heilagdagane. StoryLaben eignar seg godt som utvida arbeid i forbindelse med denne serien. Her får elevane velje seg eit land og finne ut kva for offentlege fridagar dei har der.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne perioden omhandlar nettvit. Inspirasjon er henta frå det gode opplegget til Røde Kors. Serien har nokre faste gjennomgangsfigurar som vi følgjer, Martin og Selma. Desse figurane finn ein også i andre labar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her lærer elevane om vanlege smittsame sjukdommar, som forkjøling, influensa, vasskoppar og omgangssjuke. Dei lærer om godt smittevern og samtalar om korleis dei kan førebygge smitte. Vaksine og immunitet vert presentert i samband med barnesjukdommane.

Sjå denne ressursen i biblioteket