Samfunnsfag

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Samfunnskritisk tenking og samanhengar

I dette temaet blir elevane trena til å oppdage samanhengar mellom det geografiske, historiske og det som skjer i notida. Elevane analyserer korleis makt og maktrelasjonar påverkar samfunnet. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn blir til.

Desse undervisningsopplegga omhandlar tidsperioden steinalderen. Gjennom opplegget vil elevane tileigne seg grunnleggande omgrep og kunnskap om tidsepoken. Del 1- tek for seg grunnleggande kunnskap om epoken, slik at kjenneteikna blir satt. Del 2- tek for seg kor kunnskapen kjem frå, arkeologane sine funn, og samanlikninga til levemåten i dag. I tillegg får elevane fundere på om levemåten i steinalderen fortsatt fins i dag. Serien består av fire labs, der dei to første er rekna for dei aller yngste.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien av labar lærer elevane om elvekulturane som er grunnsteinen for den moderne samfunnsutviklinga. Det første samfunnet med ei statsmakt, struktur, lovar og samanhengar fann stad i midtausten og hadde sitt opphav for ca. 5500 år sidan.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Ressursane fokuserer på kvifor vi feirar 8.mai og 17.mai. Undervegs møter elevane refleksjonsspørsmål, bilete og videoar for å gjere forteljinga levande. Sjølv om ressursane inneheld historisk informasjon, er det refleksjonane rundt demokratiet i Noreg som er det sentrale. Nytt gjerne ressursane i samanheng med 8. mai og 17.mai, eller knytt dei til anna arbeid som handlar om demokrati og fridom.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Den første laben er ei enkel innføring i kva kart er og dei fire himmelretningane. Mange unge elevar synest dette kan vere eit vanskeleg og abstrakt område. I den andre laben blir deltakarane litt betre kjent med nabolanda våre. Flagg, språk og hovudstader er hovudfokus. Den tredje laben tek for seg kor vi bur og korleis vi kan finne fram til ei adresse.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Demokratiforståing og deltaking

I dette temaet får elevane innsikt i skilnadane mellom land når det kjem til styresett og ivaretaking av menneskerettar. Dei får hjelp til å oppdage kvifor konfliktar har oppstått og oppstår. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om demokratiforståing og deltaking blir til.

Gjennom desse ressursane blir elevane introdusert for barnekonvensjonen og barn sine rettar med ei undrande tilnærming. Tilnærminga til emnet er nær elevane sitt eige liv og kan gi ei djupare forståing av viktige element, som verdien i å vere unik og eigne prioriteringar av kva som er viktig i sitt eige liv.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kva vil det seie å velje? Kva betyr det å ha eit val? Er det alltid lett å velje? Kven skal bestemme? Det vert fokusert på å ta seg tid til å tenke og at det ein likar ikkje nødvendigvis er eit godt val. Serien består av fire labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne korte serien møter elevane årets fredsprisvinnarar, blir litt kjent med Alfred Nobel og får hjelp til å oppdage likhetstrekk mellom krig og krangel.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Berekraftige samfunn

Dette temaet handlar om korleis ressursane er fordelt i ulike samfunn. Elevane blir trena i å forstå korleis endringar i fortid og notid påverkar kor berekraftig ulike samfunn er. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om berekraftige samfunn blir til.

Gjennom refleksjon og samtale jobbar elevane seg fram til forståing for det å vere på flukt. Serien består av fem labs som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Identitetsutvikling og fellesskap

I dette temaet arbeider elevane med å forstå kvifor menneska søker saman i samfunn og korleis identitetsutvikling og fellesskap blir påverka av geografiske, historiske og notidige forhold. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om identitetsutvikling og fellesskap blir til.

Denne perioden omhandlar nettvit. Inspirasjon er henta frå det gode opplegget til Røde Kors. Serien har nokre faste gjennomgangsfigurar som vi følgjer, Martin og Selma. Desse figurane finn ein også i andre labar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du ressursar om det samiske urfolk, minoritetar og fellesskap. Her får du som lærar rettleiing til gjennomføring av labane og tips til kor du kan finne meir informasjon om samane som urfolk og undervisningstips til tema kjønn og seksualitet.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne tverrfaglege laben tar opp mange av verdiane vi kan lese om i læreplanens overordna del og har med seg dei fleste kompetansemål (1.-7.trinn) som handlar om samane.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien tek vi utgangspunkt i ny overordna del av læreplanverket. I den samanheng har det blitt laga ein Lab-serie som tek for seg aspekt ved vaksenlivet, som “den ansvarlege vaksen”, “yrke” og “pengar veks på tre”. Gjennom desse tre labene vil elevane kunne utfordre seg på spørsmål knytta til livet etter studiar, med ansvar, jobb og forbruk.

Sjå denne ressursen i biblioteket