Tverrfaglege tema

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Berekraftig utvikling

Gjennom arbeid med berekraftig utvikling skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte har betydning. Temaet rommar problemstillingar knytt til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.

Her finner du ressursar som kan brukast i arbeidet med berekraftig utvikling.

Denne serien inneheld labar som er lagt opp etter modellen “læringsløpet”. Kvar lab forsøker å synleggjere overordna del av læreplanen i klasserommet og omhandlar eit av dei tverrfaglege temaa. Labane legg opp til ei felles samarbeidsøkt for å avklare temaet før elevane jobbar med ei oppgåve. Deretter legg læraren opp til fagleg påfyll etter gruppa sitt behov og elevane jobbar vidare med oppgåva.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Serien MITT NÆRMILJØ er ein tverrfagleg læringsressurs i norsk, natur- og samfunnsfag. Læreplanen fortel at elevane skal vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkande både i og utanfor klasserommet. Denne serien er lagt opp til at mykje av undervisninga skjer ute, men at erfaring og kunnskap elevane får vert jobba med og arbeida vidare med i klasserommet.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Dette er ein serie om årstidene. Labane er laga for å gi elevane ei forståing for kva årstider vi har, korleis dei delast inn og sentrale kjenneteikn ved årstidene. Labane fortel om kva feriar, høgtider og liknande som er knytt til dei ulike årstidene. Vidare skal dei forklare korleis dei ulike årstidene opplevast for dyr og plantar, og kva konsekvensar dei ulike forandringane i vêret kan få for begge grupper. Labane bidreg på denne måten til m.a. å dekke følgande kompetansemål i naturfag for 2. trinn: «Oppleve naturen til ulike årstider, reflektere over korleis naturen er i endring, og kvifor året delast inn på ulike måtar i norsk og samisk tradisjon». Oppgåvelaben kan brukast saman med elevane som ein repetisjon etter dei fire labane om årstidene. Her med fokus på kompetansemål i norsk.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Utforsk ulike dyr i Noreg og kva som kjenneteiknar dei.

Sjå denne ressursen i biblioteket

EG UNDRAR MEG er ein serie inspirert av nysgjerrigpermetoden som passar godt til undervisning i skulekvardagen. Serien er laga for undring og refleksjon sett med barn sine auge, og stimulerer til aktiv deltaking og djupare læring. Målet er å gje elevane omgrep og erfaringar dei tek med seg vidare i undervisninga i ulike fag.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Undervisningsopplegg for 1.-2.trinn, der elevane i samarbeid utforskar naturressursar. Serien består av ulike labs som bla. tek føre seg jordbruk og korleis/kvifor me utnyttar avføring til gjødsel. Labane kan brukast aleine eller samla – også saman med serien VANNvittig viktig.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien får elevene lære om hvorfor vi har fri de røde helligdagene i kalenderen. Hvorfor har vi fri, og hvilken kristen høytid er denne røddagen knyttet til? Gjennom utforsking av konkrete dager i kalenderen, vil denne serien gi en variert inngang for å gi en oversikt over helligdager og de viktigste religiøse høytidene i kristendommen. CoLabene er relativt korte og kan være fine å bruke som avslutning eller oppstart i forbindelse med de offentlige helligdagene. StoryLaben egner seg godt som utvidet arbeid i forbindelse med denne serien. Her får elevene velge seg et land og finne ut hvilke offentlige fridager de har der.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Demokrati og medborgarskap

Gjennom arbeid med temaet demokrati og medborgarskap skal elevane forstå samanhengen mellom individet sine rettar og plikter. Individa har rett til å delta i politisk arbeid, samtidig som samfunnet er avhengig av at borgarane bruker rettane til politisk deltaking og utforming av det sivile samfunnet. Skulen skal stimulere elevane til å bli aktive medborgarar, og gi dei kompetanse til å delta i vidareutviklinga av demokratiet i Norge. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med demokrati og medborgarskap.

Denne serien inneheld labar som er lagt opp etter modellen “læringsløpet”. Kvar lab forsøker å synleggjere overordna del av læreplanen i klasserommet og omhandlar eit av dei tverrfaglege temaa. Labane legg opp til ei felles samarbeidsøkt for å avklare temaet før elevane jobbar med ei oppgåve. Deretter legg læraren opp til fagleg påfyll etter gruppa sitt behov og elevane jobbar vidare med oppgåva.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom desse ressursane blir elevane introdusert for barnekonvensjonen og barn sine rettar med ei undrande tilnærming. Tilnærminga til emnet er nær elevane sitt eige liv og kan gi ei djupare forståing av viktige element, som verdien i å vere unik og eigne prioriteringar av kva som er viktig i sitt eige liv.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tar utgangspunkt i det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap. Etter 2.trinn skal elevane reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tar ulike val. I denne serien finn du ei rekke spennande opplegg om dette.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne perioden fokuserer vi på at det finst ei rekke ulike familieformer og folkegrupper i Noreg. Målet er å få elevane til å oppdage, kunne skildre og gi eksempel på mangfaldet i Noreg i dag.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kva vil det seie å velje? Kva betyr det å ha eit val? Er det alltid lett å velje? Kven skal bestemme? Det vert fokusert på å ta seg tid til å tenke og at det ein likar ikkje nødvendigvis er eit godt val. Serien består av fire labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne tverrfaglege laben tar opp mange av verdiane vi kan lese om i læreplanens overordna del og har med seg dei fleste kompetansemål (1.-7.trinn) som handlar om samane.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Folkehelse og livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skulen skal gi elevane kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse, og som gir mogelegheiter til å ta ansvarlege livsval. I barne- og ungdomsåra er utvikling av et positivt sjølvbilete og ein trygg identitet særleg avgjerande. Aktuelle område innanfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdival og betydinga av mening i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med folkehelse og livsmeistring.

Denne serien inneheld labar som er lagt opp etter modellen “læringsløpet”. Kvar lab forsøker å synleggjere overordna del av læreplanen i klasserommet og omhandlar eit av dei tverrfaglege temaa. Labane legg opp til ei felles samarbeidsøkt for å avklare temaet før elevane jobbar med ei oppgåve. Deretter legg læraren opp til fagleg påfyll etter gruppa sitt behov og elevane jobbar vidare med oppgåva.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du labar og oppgåver som kan nyttast til skulestart og i skuleåret. I den første laben får elevane fortelje frå sin sommar og dele ønsker for kommande skuleår. Denne laben fungerer fint som ein engasjerande og morosam “icebreaker” i starten av eit nytt skuleår. I oppgåvelaben kan elevane skrive dikt, forteljingar, og teikne. Den siste laben fokuserer på klassereglar. I starten av eit skuleår er det fint å ha felles fokus på korleis vi ønsker å ha det i klassa for å lage eit godt læringsmiljø. Laben har fokus på elevstyrte oppgåver og avgjerder som vil gi elevane eit større eigarforhold til dei felles reglane i klassa. Ressursane er i hovudsak berekna på barneskulen, men kan fint brukast for eldre elevar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kva er vennskap? Labene inneheld ulike dilemma og spørsmål som aukar gradvis i vanskegrad. Elevane blir utfordra på eigne val, og eigne og andres handlingar som kan oppfattast som mobbing. Inkludering og rettferd er sentrale omgrep. Serien består av tre labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Serien MITT NÆRMILJØ er ein tverrfagleg læringsressurs i norsk, natur- og samfunnsfag. Læreplanen fortel at elevane skal vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkande både i og utanfor klasserommet. Denne serien er lagt opp til at mykje av undervisninga skjer ute, men at erfaring og kunnskap elevane får vert jobba med og arbeida vidare med i klasserommet.

Sje denne ressursen i biblioteket

I denne serien har vi tatt utgangspunkt i ny overordna del av læreplanverket. I den samanheng har det blitt laga ein Lab-serie som tar for seg aspekt ved vaksenlivet, som “den ansvarlege vaksen”, “yrke” og “pengar veks på tre”. Gjennom desse tre labene vil elevane kunne utfordre seg på spørsmål knytta til livet etter studiar, med ansvar, jobb og forbruk.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien får elevane lære om kvifor vi har fri dei raude heilagdagane i kalenderen. Kvifor har vi fri, og kva for kristen høgtid er denne raude dagen knytt til? Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalendaren, vil denne serien gi ein variert inngang for å gi ei oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. CoLabene er relativt korte og kan vere fine å bruke som avslutning eller oppstart i forbindelse med dei offentlige heilagdagane. StoryLaben eignar seg godt som utvida arbeid i forbindelse med denne serien. Her får elevane velje seg eit land og finne ut kva for offentlege fridagar dei har der.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her lærer elevane om vanlege smittsame sjukdommar, som forkjøling, influensa, vasskoppar og omgangssjuke. Dei lærer om godt smittevern og samtalar om korleis dei kan førebygge smitte. Vaksine og immunitet vert presentert i samband med barnesjukdommane.

Sjå denne ressursen i biblioteket